Politiet har i dag vore til stades ved Trysil vidaregåande skule etter at det torsdag vart oppdaga ein trussel om skuleskyting.
Det er Østlendingen som melder dette.
Rektor Kristin Stevik seier til avisa at ho fulgte skulen sine rutiner og varsla politiet.
Skolen sendte også ut melding til alle elevane og dei foresatte til elevane under 18 år.
I samråd med politiet vart det avgjort at skulen kunne halde ope som vanleg i dag.
Fredag var det synleg politi på skulen.
↧