Rundt 30 personar stod i kø på vinmonopolet i Hamar då dei opna dørene. Det var det årlege sleppet av Burgund-vin hos 12 spesialbutikkar.
Ein av kundane, som vil vere anonym hadde venta i kø sidan måndag kveld. Han var komen frå Eidsvoll og hadde sove i bilen. Han fortel at det er sosialt i køen.
– Vi har treftest før. Nokon har vore her fire-fem gonger før. Det er som å treffe gamle kjente. Så sit ein og snakkar om vin.
Her «maksar» ein kredittkortet, seier kunden som reknar med å bruke 50 000 kroner. Han seier han skjønar godt at nokon reagerer.
– Det er jo litt galskap. Men det er ein hobby, og ein hobby kostar pengar.
↧