Eit fleirtal i Stortinget, beståande av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Pasientfokus, er samde om talgrunnlaget før jordbruksoppgjeret.
– Vi er letta over at stortingspartia har kome til semje om prinsippene for korleis bondens inntekt skal reknast, seier Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag.
Det melder dei i ei pressemelding. Jordbruksoppgjeret er ei årleg forhandling mellom Staten, Noregs Bondelag, og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Hovudpunkta i semja er redusering av timetal per årsverk i jordbruket, avsetning til investeringar, ein jordbrukskonto, og ny målsetting om økologisk mat.
↧