Aron Ødegård frå Østre Toten og Øyvind Tallhaug Guldbrandsen frå Øystre Slidre har fått draumestipendet.
Dette er ei ordning Norsk Tipping og Kulturskulerådet samarbeider om. Kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år kan få 30.000 kroner til å drive med kunsten sin.
Aron Ødegård er 21 år gamal og speler piano. Øyvind Tallhaug Gulbrandsen på 21 driv med trekunst og vil leve av dette.
↧