Innlandet får 1,2 millionar kroner i tilskot til mellomalderbygg. Det er Riksantikvaren som deler ut pengane.
Fylkeskommunen hadde opphaveleg søkt om 1,4 millionar kroner.
Rekordmange søkte om pengar til slike ting, ifølge Riksantikvaren. Innlandet er eit av fylka der det er flest bygg frå mellomalderen og eit våtare og varmare klima gjer det vanskelegare for dei gamle trehusa.
↧